søndag 28. juni 2015

mandag 15. juni 2015

Ryfylke-kontakt

Dette klippet er eit utdrag av ein oppmuntrande prat kvelden 9.5.2015. Ein kar frå Jørpeland hadde kontakta meg, og eg ringde han opp att for å høyra kva det gjaldt og eventuelt slå av ein prat.

Det viste seg at han hadde erfaringar og meiningar som samstemte med kritikken min, og "frontinga" mi av kritikk, av Visjon Norge og herlegdomsteologien.

Vedkomande har levt nokre år lenger enn eg og har ikkje heilt same bakgrunn, men båe har erfart korleis usunn forkynning kan prega eit menneske. Noko av det verste er kan henda det som har å gjera med forkynninga om at ein "allereie er helbreda og berre kan ta imot i tru" og liknande - og den sjuke(!) koplinga mellom helse, pengar og tru.

Eg delar ikkje på langt nær alle detaljar frå personen sitt liv og standpunkt, korkje i videoklippet eller med tekst - men i alle høve:

Når eg skriv at det var ein oppmuntrande prat, siktar eg sjølvsagt ikkje til det me kom inn på av vonde erfaringar frå møte med usunn karismatikk. Det oppmuntrande er at han ga meg ein skulderklapp, uttrykte at kritikken min nyttar og gjorde det tydeleg at me står saman.

video

Bye bye


Velkomne!

Velkomne!
Välkomna!
Bienvenus!
Welcome!

Kom gjerne på visitt på Facebook!